Sykkylven Fjordhestlag 100 år
1907-2007

Sykkylven Fjordhestlag er det eldste fjordhestlaget som enno er i drift. Gjennom 100 år med store endringar både med omsyn til hestehald og hesten sin posisjon i samfunnet, har laget halde aktiviteten oppe.  

 

Sykkylven Fjordhestlag vart skipa under namnet Søkkelven Hingstsamlag i 1907. Utgangspunktet for skipinga var kjøpet av hingsten Håkon 283. Håkon var fødd hjå Ole. A. P. Blindheim i Sykkylven i 1902 (etter Rosenkrantz 239). Som unghest vart han seld til Karolus Eidem og Petter J. Fauske. Håkon fekk godkjenning som 4-åring og 3. premie som 5-åring. I 1907 vart han stilt på jubileumsutstillinga i Christiania, men fekk berre godkjenning. Utstillarane Petter og Lars Karl Fauske, var nær ved å selje hingsten til ein lokal godseigar, men telegraferte til all lukke heimatt først. I Sykkylven var det fleire hestekarar som helst såg at Håkon vart verande og bygda, og i all hast skipa dei eit lutlag som kunne kjøpe hesten. I ettertid veit me at dette var eit svært godt kjøp. Håkon fekk 2. premie i 1913 og 1. premie for avkom på Molde i 1920. Då kunne ein vise til 12 premierte søner og 48 premierte døtrer.

 

 

 

 Bilete - Haakon 283)

 

Haakon 283 og Lars Karl Fauske

Bilete er truleg teke i på amts utstillinga i Molde i 1906 der Haakon fekk godkjenning

 

Hingstsamlaget skifte tidleg namn til Sykkylven Hesteavelslag. Velledalen Hestavelslag vart skipa i 1907, men gjekk inn i Sykkylven Hesteavelslag i 1912. I 1923 gjekk også Ramstaddal Hesteavelslag (1909) inn i laget. Etter dei økonomisk harde 20-åra, kom 30-åra med gode tider for fjordhestavelen i bygda. Der var følmerrar på mest kvar gard, og hesteavlen var for mange ei viktig attåtnæring.

 

På initiativ frå statskonsulent Nordang vart hesteavelslaga i Sykkylven og Stranda slegne saman i 1942. Det nye namnet vart ”Sykkylven og Stranda hestealslag”. Den første tida hadde laget både to og tre hingstar ståande i springtida. Krigsåra var gode tider for hesten. På merrautstillinga i Sykkylven i 1943 vart det stilt heile 161 merrar.

 

Etterkrigstida førte med seg store endringar i hestehaldet. Prisane gjekk dramatisk ned grunna dei mange tyske hestane som sto att i landet. I tillegg tok mekaniseringa i jordbruket til for fullt. På Stats-fylkessjået i Sykkylven i 1949 var talet på merrar nede i 46.  

 

Utover på 50-talet synte deg seg stadig klårare, at hesten var i ferd med tape konkurransen mot traktoren. Alt tidleg på 60-talet var hestehaldet på eit so lågt nivå at ein snakka om å legge ned laget. Dette vart òg ein realitet i 1965, men samstundes som ”Sykkylven og Stranda hesteavelslag” vart avvikla vart det gamle Sykkylven hestavelslag skipa på nytt.  

Sjølv om interessa for fjordhesten var sterkt sviktande, heldt laget aktiviteten opp, og ytte stønad til dei som ville ha merrane til hingst. Den generelt låga interessa kan illustrerast ved at det på Fylkessjået i Sykkylven i 1965 vart innmeldt berre 7 merrar.

 

Den største utfordringa i tida som kom var nok overgangen frå å sjå på hesten som arbeidskraft til at hesten skulle vere fritids- og sportsdyr. Styret i laget vart tidleg merksame på desse endringane, og i 1971 reiste dei på  studietur for å få inspirasjon til nye typar aktivitet for hesten.

 

Frå 1970-talet har aktiviteten i laget vore stadig aukande. På nytt disponerte laget eigen hingst. Valebu frå 1973 og Torden  frå 1976. Den siste hingsten laget åtte var Monifax (N-95-2683). I jubileumsåret har laget leigd Eikåsen Gullfaks.

 

I 1987 vart namnet endra til Sykkylven Fjordhestlag.

 

Laget arbeidde lenge for eige hingsteslepp i Sykkylven. I 1990 vart det første sleppet halde på   Nysætra. Området ligg svært idyllisk til ved Nysætervatnet, og er godt besøkt av både bygdefolk og tilreisande som vil sjå på hingsten, merrane og føla.

 

Dei seinare åra har laget arrangert både køyrekurs og hovslagarkurs. Laget vert også aktivt nytta ved større tilstellingar i bygda. Årleg tek laget del i Sykkylvsdagane med køyring og riding for born. Det har også vore stor interesse for køyring av brudepar.

I år har laget 20 medlemmar, og totalt er der om lag 30 fjordhestar i bygda.

 

Styret i jubileumsåret er:

Arvid Aure (leiar)

Lars Gunnar Fauske

Arvid Skogvold   

 

 

 Bilete – Utstilling på Drabløs i 1922 

 

Øving til dokumentarfilmen ”Den store hesteferda” i 2004.